Beskrivelse
Dette verket vart til medan eg gjekk gravid med Alondra Maria. Det er heilagt. Eg tenkjer på det å vere kvinne, og det å vere ein slags behalder, ein kropp nytt liv vert skapt i, å vere det som det nye liv skal gjennom.
Mål: 76,5 cm x 57 cm
🕊
Blandingsteknikk på 600g arches akvarellpapir.
Originalt verk.
Biletet vil bli sendt godt innpakka med posten.
Biletet er utan ramme.
Ramme:
Anbefaler ei ramme i tre (eik er fint) med glass, hos din lokale rammemaker.
Det fins også billegare standardrammer hos til dømes www.bgafotobutikk.no Dei har rammer i storleiken 80 x 60 cm som kan passe fint.
Arket har ein ruglete kant, som er ein del av det estetiske utrykket. Anbefaler difor å ramme inn utan passepartout, men heller montere biletet på eit kvitt ark med dobbeltsidig teip, og la det vera ca 1-2 cm frå ark til ramme for å gje rom og luft til biletet.














