Livet i mørket

kr 9 000,00

1 på lager

Kategori:

Beskrivelse

Livet i mørket.

Passar godt saman med biletet » livet i ljoset».

Inspirert av potetsanking med jentene.

«Morskap.

Eg er mor til 3 jenter. I bileta utforskar eg ofte morskap, og det å vere kvinne i dag. Me tar opp potet saman i kjøkkenhagen. Liv Jorunn på 7 held ein mark varleg i handa, og Linnea på 2 snakkar med edderkoppen. Eg tenkjer på alt det skjulte livet som finst i det mørket poteten veks i, at settepoteten har blitt seig og rotnar, mens alle dei nye potetene ligg fine og friske i bytta. Det kan kjennest slik å vere mor. Bakteriane, småkrypa og soppen transformerer settepoteten til ny næring.

Soppen i jorda hjelp trea og plantene å ta opp næring frå jorda. Kjære sopp, hjelp meg med å halde kontakten med alt det levande, du som kan dette best, å transformere det usynlege der nede i komposten.»

50 cm x 65 cm

🕊

Akvarell og blandingsteknikk på 300g arches akvarellpapir.

Originalt verk.

Biletet vil bli sendt godt innpakka med posten.

Biletet er utan ramme.