Kvinne før blodet

kr 9 000,00

1 på lager

Kategori:

Beskrivelse

Kvinne før blodet.

Veka før mensen.

Kan me normalisere og snakke meire om kvinnehelse?

Det er utruleg vakkert å vere kvinne, og leve syklisk. Men me har ein lang veg å gå i samfunnet for å tilrettelegge og forstå alt som har med kvinnesyklus å gjera.

Tenk, kvinner kan det store og heilage, å bera fram nytt liv.

🌹🥀🌱⚘️💮

Mål: 76,5 cm x 57 cm

🕊

Blandingsteknikk på 300g arches akvarellpapir.

Originalt verk.

Biletet vil bli sendt godt innpakka med posten.

Biletet er utan ramme.

Ramme:

Anbefaler ei ramme i tre (eik er fint) med glass, hos din lokale rammemaker.

Det fins også billegare standardrammer hos til dømes www.bgafotobutikk.no Dei har rammer i storleiken 80 x 60 cm som kan passe fint.

Arket har ein ruglete kant, som er ein del av det estetiske utrykket. Anbefaler difor å ramme inn utan passepartout, men heller montere biletet på ein kvit bakrunn, og la det vera ca 1-2 cm frå ark til ramme for å gje rom og luft til biletet.