

Om ei betre verd
Sterkare samhold
Jevnare fordeling
Og
Respekt for natur
Solidaritet,
og eit sterkare fellesskap som inneheld noko anna enn forbruk og maktkamp,
der me finn djup glede i å hjelpe kvarandre
strekke ut ei hand
At me tør å vera ljos
Og vatnar dei gode frøa
I rik jord,
At me gjer nytte (og lærer) av komposten, for den er det mykje av…
At me veljer å dyrke glede, kjærleik, og alle slags kunstformar
For fred er å skape
Me må skape fred
Håp
Ungar og vaksne som dansar saman
I respekt for ulikskapar,
Som er nydeleg krydder
Og gjer suppa interessant
For mangfaldet gjer oss rikare og meire motstandsdyktige
Som i naturen
Alt med kjærleik
For det er einaste vegen
Vidare