Praktisk info og rammer

Bileta er akvarellar og blandingsteknikk på 300g eller 600g arches akvarellpapir. Eg målar ofte på ark som er enten 57cm x 76,6. eller 50 cm x 65 cm.

Alle bileta er originale verk.

Rammer

Eg sel bileta utan ramme, så du kan velge ramme etter ynskje og behov.

Det finaste er å få det gjort hos ein rammemaker. Anbefaler ei ramme i tre (eik er fint) med glass, hos din lokale rammemaker.

Det fins også billegare standardrammer hos til dømes www.bgafotobutikk.no Dei har rammer i storleiken 80 x 60 cm som kan passe fint til bileta som har måla 57cm x 76,6. Dei har også rammer på 55cm x 70 cm som passar til bileta som er 50cm x 65 cm

Arka som har måla 57cm x 76,5 cm har ein ruglete kant, som er ein del av det estetiske utrykket. Anbefaler difor å ramme inn utan passepartout, men heller montere biletet på ein kvit bakgrunn og la det vera ca 1-2 cm frå ark til ramme for å gje rom og luft til biletet.

Digital illustrasjon. Bileta over er frå ein mockup-app, for å vise korleis bileta kan verke i rom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *