Kva er vitsen med å lage kunst i dag, i ei verd full av kriser?

Kunst i Krisetider
Eg er djupt overbevist om at det er ekstremt viktig å lage kunst i dag.
Me treng å føle, og me treng å skape. Me treng å kjenne, føle djupt i sjela noko vakkert, noko sårbart, at det finst, og me treng å kjenne empatien, respekten og fellesskapen i nett det.
Vanskelege tider
Det siste halvåret har eg ofte kjent på mykje smerte, sinne og frustrasjon rundt det som hender i verda, krigar og øydelegging av natur, og særskild i Gaza nett no. Det er som om noko mørkt og vondt veks seg sterkare. Eg har kjent meg djupt paralysert, bilete dukkar opp når eg vaknar på natta, resignasjon veks fram imens verda ser på dei mest grufulle ting hende uskuldige menneske og born, utan at verdssamfunnet klarer reise seg opp og stoppe det som skjer. Og det er ikkje berre i Gaza.
Eg har tenkt på at sinnet, det sinnet eg og mange kjenner må brukast til noko, til handling, men kva kan me gjere? Eg har vore med å dradd i gang loppemarknadar innsamlingsaksjonar til leger utan grenser i lokalmiljøet fordi eg tenkjer det er viktig at me kjem saman i fellesskap og gjer noko, ja for å halde på tanken om at me kan gjere ein forskjell, fordi gode handlingar tiltrekker og inspirerer fleire, fordi det me fokuserar på veks, og ja, me treng handlekraftige fellesskap meir enn nokonsinne! Me treng å halde på det menneskelege i oss, det å vera medmenneske. Og dette står ofte i kontrast til det individualistiske samfunnet me lev i dag. Samstundes har eg personleg kjent på ei meiningslause og ei kjensle av «kva hjelper no dette» med tanke på eige arbeid, både med handverk, kursverksemd og med kunst. Men så har eg også forstått enda tydelegare at kunsten er utruleg viktig, kanskje akkurat i det at den gjer at me kan møtast i større fellesskap, og kan røre oss djupare. Det er kanskje akkurat då me treng kunst aller mest.


Kunst i krisetider
I vanskelege tider med mykje smerte, treng me kunst meir enn nokonsinne. Me treng å kjenne oss som levande menneske med levande kjensler. Det er så fort å flykte frå nett det, og starte å numme kjenslene med dum-scrolling, eller ende opp som resignerte, handlingslamma og apatiske.
Kunst hjelp oss å prosessere og transformere smerte, det hjelp oss å møte traume, fordi den gjev oss eit språk for det me kjenner og opplever. Kunsten gjev oss eit språk som ikkje berre snakkar til den rasjonelle delen av hjernen vår, men den snakkar til heile oss, gjennom rørsle, bilete, melodiar, og lydbilete.
Om me skal klare å heile det me går gjennom av smerte i vår tid treng me å møtast i fellesskap på eit djupare menneskeleg plan, og her er kunsten unik.
Skal me klare å ha eit oppriktig engasjement og ekte samtale om det me går gjennom og det som skjer med oss, og om det me gjer med kvarandre, ja, så treng me eit språk som kan omfamne våre kjensler. Kunsten er det språket.
For om me berre snakkar til «hjernen» kjem me til kort, me må snakke til kjenslene og hjarta til kvarandre. Me er jo alle menneske på denne vakre jorda, og me har så mykje til felles. Og ulikskapane gjer det interessant. Ulikskapane, som i naturen, gjer oss meir motstandsdyktige, det gjer oss sterkare om me klarer å samarbeide. Og for å samarbeide krevst gjensidig respekt for ulikskapar, samtidig som me anerkjenner og opplever alt det me også faktisk har til felles som menneske.
Me treng å verkeleg kjenne på det me faktisk går gjennom, og nokon gangar treng me å sette oss ned med smerta, og kjenne på det det vil seie å vere eit menneske. Me treng å kjenne kva det gjer med oss når me sviktar kvarandre, og når me ser på kvarandre lide, så må me vakne opp, me må gjere noko, og vere der for kvarandre. Me har det til felles at me skal alle døy, og det er så uendeleg sårbart. Så kvifor ikkje gjere dette livet vakkert så lenge me er her. Å kjenne og vise medmenneskelegheit, respekt og nestekjærleik er noko av det vakraste som finst.

Fred er å skape.
Bileta er ei bøn om fred.