Eksperimentelle samtidsakvarellar fulle av liv, flyt, levande vekstar og ville vesen. Bileta dreg inspirasjon frå dypøkologien, livskreftene, morskap, vatnet, og den evig foranderlege naturen.

Elv, kva kviskrar du om i dag?
Det er ein samanheng mellom alt som lever. Denne tematikken er det eg utforskar i bileta. Plantene, insekta, bakteria, soppen, dyra og fuglane, me er alle ein del av eit biologisk mangfald og samspel. Om me menneska skadar naturen, skadar me også oss sjølve, for me er natur.
Få eit innblikk i prosessen! Sjå heile filmen her.
«Når me tør kjenne og føle på sorga over vår separasjon frå naturen, dukkar det opp fleire kjensler; eit sinne, og til slutt under sorga og smerta: ei lidenskapeleg omsorg og kjærleik. Det er dit eg vil.»
«Hei! jeg er veldig glad for det bildet jeg kjøpte av deg! Ville bare vise hvor fint det er sammen med det bildet som henger til venstre for det. Klarer nesten ikke la være å se på det! Det er som å gli inn i naturen i sin egen stue. Det er meditativt å se på/se inn i. Har sy og vevekrok her for tida, så da ser jeg det i lang tid i strekk. Det er helt nydelig, syns jeg.»
– Lene


















